Oppsummering av saker teke opp på veterinærmøter hausten 2024 - del 2

Her kjem del 2 av oppsummeringa etter veterinærmøtene i haust. Takk for alle innspel!

Ny avlsplan skal kunne lastast ned først etter at dunkane har fått påfyll med nye dosar.  Foto: Eva Husaas

Her kjem ei oppsummering av saker, der me forklarar litt korleis me jobbar vidare med dei.

Det kjem ut avlsplanar med nye oksealternativ før dosane av oksane finst i dunken

Dette er beslutta at skal endrast. No skal ny avlsplan kunne lastast ned først etter at dunkane har fått påfyll med nye dosar. 

Kvifor kan ikkje produsenten få tilgang på alle oksevalga i avlsplanen? 

Dette er eit godt innspel, som me har sendt vidare til dei som sit med avlsplan og oppsett av den. Det er ingen grunn til at produsentane ikkje skal få opp like lang liste med oksealternativ som dykk.  

Bruk av kode 58/59 ved funn av hhv. trang eller bøyd cervix

Fordjupningsoppgåva er no ferdigstilt, og nye registreringar med desse kodane vert no ikkje lengre nytta. Avslutta bruk av desse kodane er informert om i nyhetsbrevet, samt at det vil koma ein sak om resultata i Buskap. 

Dårleg smittevern i nokre område

Her er Animalia kontakta for å få auka fokus på smittevern i alle tilgjengelege fora. Lars Erik Heggen i Animalia er også tilgjengeleg for å bistå veterinærar lokalt ved ynskje om det.  

Takk for jobben de gjer!

Det er svært viktig for oss i Geno å få fram kor sentrale de er for at me skal kunne tilby semin i heile landet. Takk for jobben de gjer!