Oppsummering av saker teke opp på veterinærmøter hausten 2024 - del 1

Fyrst vil me takka for mange fine møte denne hausten! Det har vore gode og interessante samtalar saman med dykk, og me har teke med oss innspel frå møta me har hatt i lag.

Veterinærer og avlsrådgiver er samlet på veterinærkontoret, smiler og ser mot kamera.
Veterinærkontormøte med veterinærene, semintekniker og avlsrådgiver i Ålesund. Fra venstre: Veterinær Ørjan Walderhaug, veterinær Lars Audun Gåsemyr (bak), semintekniker Eivind Davik, veterinær Arvid Steen (med på Teams) og avlsrådgiver Trond Skeide. Foto: Cedric Øglænd.

Her kjem ei oppsummering av desse sakene, der me forklarar litt korleis me jobbar vidare med dei.

Gamle REDX på dunkane/går tom for REDX - mange fortel dei då må nytta konvensjonell sæd i staden

Her jobbar Geno med pilotforsøk på distribusjon, for å oppnå eit auka samsvar mellom avlsplanen og det som finst i dunkane. I tillegg er det eit fokus på kommunikasjon mellom avlsrådgivarar i området og sjåfør på sædruta, slik at ein får RedX som går igjen på avlsplanen ut i dunkane.  

Bekymring for auka grad av eigarinseminering

Dette tek me på alvor, og er også tilbakemelding frå fleire seminteknikarar. I nokre område er dette eit «ikkje-tema», andre område opplever ein sterk smitteeffekt mellom produsentane. Ein har også nokre få område der veterinærane ikkje ynskjer å kjøra inseminering lengre. Geno promoterer ikkje eigarinsemineringskurs.

Både på nettsider og i kontakt med produsentar understreker me betydninga av leigd inseminering for å oppretthalda dagpraksis og vaktordning. Det jobbast også med å finna løysingar som kan bidra til å oppretthalda tilslutninga til leigd inseminering.  

Mogelegheit for å få opp REDX-alternativ og SV-alternativ i DHP (når bonden sjølv ikkje har kryssa av i forkant)

Det vil bli jobba med å få samsvar mellom avsplanen i DHP og innhald i dunkane, slik at dette forhåpentlegvis vert mogeleg. Eit viktig grunnlag for å få dette til er at ein har rett lagerbeholdning i dunkane, noko me enno er eit stykke unna å komma i mål med. Enn så lenge må ein oppfordra produsenten til å kryssa for RedX eller SV i eigen avlsplan i forkant av besøket.   

Refusjon for bompengar/båt direkte i DHP under refusjonsgrensa til Statsforvaltar

Her skal det koma ein funksjon i DHP som gjer dette mogeleg i framtida. Men dette visar seg å ta tid. Enn så lenge skal slike skjema kunne hentast på sædruta.  

I neste nyhetsbrev vil me oppsummera fleire av innspela som kom fram i veterinærmøtene (del 2).